Kommunevalet 2023 - Val av nye fjellstyre

Foto: Mikita Karasiou

Foto: Mikita Karasiou

I Sør- og Midt-Norge er det ca. 30 mill. daa statsallmenning. For statsallmenningane gjeld fjellova. Fjellova bestemmer m.a. at kvar kommune med statsallmenning skal ha fjellstyre. Kommunestyret i kommunar med statsallmenning har etter fjellova rett og plikt til å velgje fjellstyre.

Norges Fjellstyresamband har ved tidlegare kommuneval erfart at det har vore noko uvisse kring oppnemning av fjellstyre, samt forholdet mellom kommune og fjellstyre. Vi finn det difor rett å gje ein kort informasjon i samband med kommunevalet i 2023. Bestemmingar om oppnemning av fjellstyre går fram av  Fjellova, kap. III. Oppnemning av fjellstyre er også omtala i ”Håndbok for fjellstyrer 2019-2023”. Sjå www.handbok.fjellstyrene.no/3-2-nermere-om-fjellstyrene

Forholdet mellom kommunane og fjellstyra:

Etter innføringa av ny kommunelov, der fleire statlege nemnder vart kommunale, har vi tidlegare fått spørsmål om fjellstyra si stilling. På denne bakgrunnen har vi bedt advokat Tor Gresseth om å utarbeide ei juridisk utgreiing som beskriv forholdet mellom kommune og fjellstyre nærmare. Utgreiinga konkluderar med at fjellstyra ikkje er ei kommunal nemnd. Utgreiinga har vore til vurdering i Landbruks- og matdepartementet og Statskog SF, som har anbefalt at denne blir lagt fram for kommunane. Den juridiske utgreiinga finn du her.

Her finn du og eit skriv frå Landbruks- og matdepartementet som tek opp temaet interesserepresentasjon i fjellstyra, og som viser kva kritereie som skal leggast til grunn etter LMD si meining. 

Tidspunkt for innsetjing av nytt fjellstyre:

I følgje kommunelova skal utval som ein hovudregel veljast og settast inn kort tid etter kommunevalet. For enkelte fjellstyre kan dette vere lite høveleg. På bakgrunn av dette, ber vi kommunane vurdere tidspunktet for innsetjing av nytt fjellstyre i samråd med det sitjande fjellstyret. 

Alle nyoppnemnte fjellstyremedlemmar vil bli invitert til samling/kursrunde for nye fjellstyremedlemmar (og fjellstyremedlemmar som har erfaring med å sitte i eit fjellstyre). Kursrunden blir arrangert regionvis (4 regionar) i tida uke 5 – 8 i 2024.  

Kurs 1: Region 1 Nord Trøndelag

Dato: 31.01 -1.2.24, Quality Airport Hotel Værnes

Kurs 2: Region 2 Sør Trøndelag/Hedmark

Dato: 07.02 - 08.02.24, Røros hotell

Kurs 3: Region 4 Hardangervidda + tilliggande fjellstyre

Dato: 14.02 - 15.02.24, Hardangerfjord hotell

Kurs 4: Region 3 Oppland + tilliggande fjellstyre

Dato: 21.02 - 22.02.24, Scandic Lillehammer

Oversikt over dei nye fjellstyra:

Vi ber samtidig kommunar med statsallmenning om ein oversikt for dei nye fjellstyremedlemmane, med adresser og telefonnummer, så fort som råd etter oppnemninga av fjellstyret.

Registrering av fjellstyremedlemmer kan gjerast ved å fylle ut excel-skjema her.

Skjema returnerast til nfs@fjellstyrene.no

 

TORGEIR LANDE