Jordbruk og bruksretter

P7100740.JPG

Blant de viktigste jordbrukstilknyttede allmenningsrettene er beite, seter og tilleggsjord. Tidligere var utmarksslått og mosetak viktige bruksretter. Virkesretten er også blant de helt sentrale jordbrukstilknyttede allmenningsrettene. Gårdbrukernes rett til trevirke for å dekke behovet for ved og bygningsmateriale på seter og gårdsbruk er hjemlet i statsallmenningsloven. Denne retten administreres ikke av fjellstyret, men av allmenningsstyret og Statskog SF.

Det finnes ingen klare grenser for hva som etter loven er en jordbrukseiendom. Jordbruksdrift er imidlertid en forutsetning for å kunne utøve bruksrett i statsallmenning. Dersom jorda tilhørende en eiendom blir lagt ut til campingplass, golfbane eller tilsvarende, bortfaller de jordbrukstilknyttede bruksrettene som beiterett, og rett til seter. Det vil likevel være knyttet allmenningsrett til eiendommen, og bruksrettene vil gjenoppstå dersom jorda på nytt blir tatt i bruk til jordbruksdrift. Eier av jordbrukseiendom kan ikke selge, eller leie bort sin bruksrett eller overføre denne til andre. Bruksrettene vil alltid følge gårdsbruket ved overdragelse. Det er f.eks. ikke anledning til å holde igjen allmenningsseter ved salg av gårdsbruket, eller overføre seter til en person og gårdsbruket til en annen.

Bruksretten kan falle bort ved at gården mister så mye av jorda at den ikke kan regnes som en jordbruksmessig enhet. Dette kan skje gjennom deling/salg eller ekspropriasjon. Hvorvidt gårdsbruket er å regne som en jordbruksmessig enhet skal ved tvist avgjøres ved skjønn.

Det er viktig å være klar over at bruksrettenes innhold ikke er avgrenset av fjelloven eller statsallmenningsloven, men følger av lang tids bruk. Lovens intensjon er å beskytte bruksrettene og regulere forholdene de bruksberettigede imellom, og en viktig intensjon i fjelloven er at bruksrettene skal kunne utnyttes på en tidsmessig måte.
Retten til allmenningsbruk som er knytta til jordbrukseiendom er regulert i fjellovens § 2 annet ledd. Det er fastslått at retten som er knytta til jordbrukseiendom bare kan utnyttes så langt som det skjer i tilknytning til drifta av eiendommen, forutsatt at denne blir drevet som jordbrukseiendom. Bruk og utvisning av seter og tilleggsjord er regulert gjennom forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning.

 

Administrering av de viktigste jordbrukstilknyttede bruksrettene og regelverket knyttet til disse

Seterforskriften gir de ytre rammene for bruk av og tilbakefall (til statsallmenningen) av jordbrukstilknyttede bruksretter.

 

Utvising av seter - § 18 i fjellova

Retten til å få utvist seter i statsallmenningene er en del av allmenningsretten. Gårdbruker med beiterett kan få utvist seter om han kan dokumentere et behov.
Utvising av seter hører inn under fjellstyrets kompetanseområde. Søknad om utvising av seter skal sendes til fjellstyret. Fjellstyret skal innhente uttale m.a. fra grunneier (Statskog SF) og andre med bruksrett, før det bli gjort vedtak. Er ikke seteren tatt i bruk innen 5 år, fell stølen i det fri, og kan vises ut til andre som har behov for seter.

Det er verdt å merke seg at gården beholder allmenningsretten og kan få vist ut ny seter (eller tilleggsjord) dersom behovet oppstår på nytt.

 

Seterforskriftens § 6
«Jordbrukar med beiterett i statsallmenning som godtgjer at det trengst seter til drift av eigedomen, kan få utvist seter anten aleine eller saman med andre jordbrukarar, jf. § 18 første ledd og § 21 andre ledd i fjellova.
Det er et krav at behovet for seter blir dokumentert. Dette kan for eksempel gjøres ved å legge frem en driftsplan».

 

Departementet sine merknader til § 6
Spørsmålet om utvising av seter blir avgjort av fjellstyret, jf. § 7 i forskrifta. Tidlegare blei det stilt krav om mjølkeproduksjon som grunnlag for utvising av seter. Det har normalt òg blitt stilt krav om at lokale landbruksstyresmakter har tilrådd søknaden. Departementet legg til grunn at fjellstyret bør kunne utvise seter til formål som går ut over mjølkeproduksjon. Eksempel på dette kan vere beiting av ungkyr, kyr for kjøttproduksjon eller ammekyr. Det kan òg vere utvising til ei driftsform der det blir teke sikte på ein kombinasjon av tradisjonell seterdrift og småskala turistmessig verksemd på setra. Departementet har i brev 29.august 2012 presisert at denne formuleringa "har ikke hatt til hensikt å begrense småskala turistvirksomhet til bare å gjelde i de tilfeller der det ellers drives tradisjonell setervirksomhet."

 

Fjellstyra skal vurdere formålet med utvisinga opp mot det jordbruksmessige behov eigedomen har, og ”tida og tilhøva” sett i samanheng med situasjonen i det aktuelle bygdelaget. Utgangspunktet for fjellstyra sine vurderingar må vere om den som har bruksrett har eit reelt behov for seter. Ved handsaminga av søknader bør fjellstyra mellom anna leggje vekt på følgjande moment:

P8250071.JPG

- Verksemda må vere ein integrert del av hovuddrifta på jordbrukseigedomen til den

  med bruksrett, og støtte opp om drifta av denne.

- Den planlagde etableringa må ta omsyn til lokale tradisjonar når det gjeld næring,

  landskapsbruk, byggeskikk og omsyn til eksisterande natur- og kulturmiljø. Ein skal

  òg leggje vekt på om etableringa sikrar levande setre og ein seterkultur for framtida.

- Etablering av ny seter må ikkje vere til fortrengsel for eller til vesentleg skade for

  eksisterande bruksrettsutøving, under dette reindrifta si bruk.

- Søkjaren sine planar skal innebere dyrehald i allmenningen sommartid, og at nokon

  jamleg er til stades på setra i denne tida.

- Verksemda må framstå som ei rasjonell bruksform, og planane for verksemda må bli

  vurderte som tenlege og levedyktige av lokale landbruksstyresmakter.

- Verksemda må fordre ein viss bygningsmasse med driftsbygningar og husvære.

 

Tilsvarande vurderingar vil gjere seg gjeldande ved utvising av seter fallen i det fri til ein ny seterbrukar, jf. § 12 i forskrifta.

Fjellstyra skal sjå til at det ikkje blir utvist seter til nokon som tek sikte på å etablere reine fritidshusvære i statsallmenningane.

Tilleggsjord

Jordbruker med et behov ut fra jordbruksdriften kan få utvist tilleggsjord. Søknad skal sendes til fjellstyret. Utvist tilleggsjord faller automatisk i det fri (tilbake til statsallmenningen) dersom arealet ikke er tatt i bruk innen 5 år. Retten til utvist tilleggsjord opphører dersom den har vært ute av bruk i en sammenhengende periode på 5 år.

 

Seterforskriftens § 20 Utvising av tilleggsjord og sakshandsaming

Jordbrukar med beiterett i statsallmenningen kan - anten åleine eller saman med andre beiterettshavarar - få utvist grunn som er skikka til dyrking eller til kulturbeite som tilleggsjord, jf. § 19 første ledd i fjellova. Det er eit vilkår at dei som har beiterett godtgjer behovet for tilleggsjord. Dette kan til dømes gjerast ved å leggje fram ei driftsplan.

Søknad om utvising av tilleggsjord skal sendast fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn.

Kommunen handsamar og avgjer søknaden etter gjeldande forskrift om nydyrking i dei tilfelle der søknaden omfattar fulldyrking eller overflatedyrking etter forskrifta. Gjeld søknaden kultivering, og eventuelt inngjerding til beitebruk, skal kommunen gi fråsegn om dei tilhøva som er nemnde i § 5 i forskrifta om nydyrking.

Fjellstyret gjer vedtak om utvising av tilleggsjord til jordbrukar med beiterett. Statskog SF skal ha melding om vedtaket.

Statskog SF avgjer søknader om inngjerding av tilleggsjord etter tilråding frå fjellstyret, jf. § 5 fjerde ledd i forskrifta.

Fjellstyret måler ut setervoll og dyrkingsjord eller kulturbeite som skal visast ut saman med eller leggjast til seter.

Fjellstyret skriv ut eit eige dokument til beiterettshavaren om utvisinga. Fjellstyret skal sende kopi av dette dokumentet til Statskog SF.

DSC_0432.JPG

Departementet sine merknader til § 20
Departementet legg til grunn at tilleggsjord er jord som skal nyttast til produksjon av fòr som blir hausta og frakta bort frå arealet. Utvising av tilleggsjord er ikkje ein bruksrett. Gjeldande lovgjeving både for statsallmenningane og bygdeallmenningane gir ikkje grunnlag for å slå fast at ein jordbrukar som har allmenningsrett i ein allmenning har krav på å få utvist tilleggsjord.

Det er lagt opp til at fjellstyret skal vurdere utvising av tilleggsjord. Utvising skal skje etter føresegnene i kap. X i fjellova, og føresegnene i kapittel 7 i seterforskrifta her. Når søknad om tilleggsjord kjem inn til fjellstyret skal fjellstyret vurdere saka opp mot dei planane som er lagde for området. Om fjellstyret finn utvising aktuell skal fjellstyret leggje saka fram for dei organa som er nemnde i andre ledd.

I dei tilfella der søknaden blir omfatta av forskrift om nydyrking av 2. mai 1997 nr. 0423 skal kommunen avgjere søknaden etter den nemnde forskrifta sine føresegner, som mellom anna inneber at regional kulturminnestyresmakt skal gi fråsegn. Om kommunen avslår søknaden etter føresegnene i nydyrkingsforskrifta vil saka vere endeleg avgjord, med mindre vedtaket blir omgjort etter klage frå søkjaren.

Om kommunen godkjenner nydyrking skal fjellstyret likevel ta stilling til søknaden og fatte vedtak ut i frå eigen vurdering av saka. I denne vurderinga skal, i tillegg til kommunen sitt vedtak om godkjenning, dei fråsegner som er innhenta frå Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret for reindrifta inngå. Blir utvisinga nekta kan dette vedtaket bli klaga over til Statens landbruksforvaltning, jf. § 26 i forskrifta. Klagen skal sendast Statskog SF, som etter nærare vurdering skal sende saka til Statens landbruksforvaltning for endeleg handsaming av klagen.

Om det er søkt om inngjerding av arealet, tek Statskog SF avgjerd om dette.

Reglene om utvising av tilleggsjord står i seterforskrifta §19-§23.

Seter og setring

Bygging på seter:

Bygging på seter er regulert i seterforskrifta
§ 10 - Støl i bruk: Søknad om bygging på støl blir avgjort av fjellstyret. Fjellstyret skal vurdere behovet og ev. sette vilkår.  Søknad skal sendes Statskog og regional kulturstyresmakt til uttale.


§ 11 - Støl som ikkje er i bruk: Vanlig vedlikehold er tillatt, men det blir normalt ikke gitt tillatelse til tilbygg.

Fjellstyret skal sende byggesøknad til Statskog og regional kulturstyresmakt til uttale. Regional kulturstyresmakt (her Oppland fylkeskommune) har laga regler om utforming av bygg (link).

Fjellstyret oversender vedtak til kommunen til orientering.

Seterbrukeren må selv sende byggemelding til kommunen..

Seterforskrifta § 10, Om søknad om å setje opp, utvide og endre hus:
Etter søknad som fjellstyret avgjer, kan seterbrukaren setje opp, utvide og endre hus for ei rasjonell utnytting av utvist seter. Fjellstyret skal ta stilling til kva slag og kor mange hus som trengst, deira storleik og standard eller anna, og kan setje vilkår for oppføring, utviding og endring av hus. Fjellstyret skal leggje saka fram for Statskog SF til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak etter dette leddet.
Om fjellstyret vil krevje at hus eller anlegg som alt står, skal rivast, må fjellstyret leggje saka fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak. Det same gjeld ved nybygg og endring eller utviding av hus på seter, der dette vil påverke eksisterande kulturmiljø.


Departementet sine merknader til § 10
Fjellstyret skal ut frå utvisinga gjere ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle av kva som er nødvendig og rasjonelt med omsyn til bygningar og tekniske anlegg. Dette gjeld for bygningar til meir tradisjonelle seterformål, og for bygningar tiltenkt ei småskala turistmessig satsing som er omtalt i merknadene til § 6 i forskrifta. Før fjellstyret gjer vedtak, skal saka leggjast fram for Statskog SF til fråsegn. Statskog SF skal ha kopi av fjellstyret sitt vedtak.

 
Generelt er det både for nybygg og endringar av eksisterande bygg eit vilkår at bygningane følgjer lokale setertradisjonar og er tilpassa kulturlandskapet sin eigenart. Oppføring, utviding og endring av hus kan vere tiltak som òg er melde- eller søkjepliktig etter plan- og bygningslova. Fjellstyret bør i si handsaming ta atterhald om godkjenning frå kommunale styresmakter.

Om fjellstyret finn det aktuelt å gi løyve til eller eventuelt stille vilkår om endring eller utviding av eksisterande bygningar, eller krevje bygningar fjerna, og eit slikt løyve vil påverke eksisterande kulturmiljø, skal fjellstyret innhente fråsegn frå kulturminnestyresmaktene.

Fjellstyret skal føre tilsyn med all bygging på setrene, kontrollere at denne går føre seg i samsvar med føresetnader fjellstyret har fastsett i godkjente planer, gjere vedtak når det er bygd i strid med fjellstyret sitt løyve eller vilkår ikkje er følgt, og setje vedtaka ut i livet.
Fjellstyret sitt vedtak i saker om bygging på utvist seter er enkeltvedtak, og kan bli klaga over til Statens landbruks-forvaltning, jf. § 26 i forskrifta. Det er høve til å klage over sjølve vedtaket eller berre over dei vilkåra som er stilte.

Søknader om ombygging og endring av uthus som det ikkje lenger er aktuelt å bruke i samband med seterdrifta, og som ikkje lenger tener den jordbruksmessige aktiviteten, skal handsamast etter § 24 i forskrifta. Fjellstyret vil såleis i samband med si saksbehandling måtte ta stilling til kva for føresegn som skal brukast. Om Statskog SF er ueinig med fjellstyret i at saka hører inn under § 10 i forskrifta vil fjellstyret sitt vedtak kunne bli klaga over til Statens landbruksforvaltning.

Seter i bruk etter fjellova

Om en seter er i bruk eller ikke, er viktig for byggesaker og frifall (frilegging) av seter. Det er ikke nødvendig med melkeproduksjon på seteren, men setra må tjene den jordbruksmessige utnyttingen av eiendommen.

Det følgjer nå av forskriften at blir setervollen haustet, enten til eigen bruk eller for salg, vil setra være "i bruk" i høve til § 22 i fjellova.

Bortleige av seter for kortere perioder, inntil 10 år, er tillatt, men vilkår om at setra skal være ”i bruk” fra eiendommen der den hører til vil da ikke være oppfylt.

 

Fjellstyret er pålagt å kontrollere om setrene er i bruk. Slik kontroll skal skje minimum hvert 10. år og dokumentasjon på kontroll skal sendes Statskog.

§ 9. Om når seter skal reknast for å vere i bruk
Blir setervollen hausta eller gjerda inn og nytta til beite som ein del av den jordbruksmessige drifta på eigedommen som setra ligg til, vil setra vere ” i bruk ” i høve til § 22 i fjellova.

 

P9020616.JPG

Departementet sine merknader til § 9
Det framgår av § 2 i fjellova at rett som er knytt til ein jordbrukseigedom berre kan utnyttast så langt det skjer i tilknyting til jordbruksdrifta på eigedomen. § 9 i forskrifta gir nærare eksempel på kva som skal til for at ei seter skal reknast for å vere i bruk etter regelen om opphør i § 22 i fjellova.

Det er ikkje nødvendig med seterbruk i tradisjonell forstand i form av mjølkeproduksjon, men setra må tene den jordbruksmessige utnyttinga av eigedommen. For seter der det blir drive turisme i liten skala legg departementet til grunn at seterbrukaren som eit minimum bør hauste setervollen eller ha han inngjerda og nytte han som beite.

For at ei seter skal reknast for å vere i bruk, må bruken skje ut frå den eigedomen som setra høyrer til. Bortleige av seter for kortare periodar, inntil 10 år, er tillate, men vilkår om at setra skal vere ”i bruk” frå eigedomen der den høyrer til vil da ikkje vere til stades. Bortleige av setra kan vere ein indikasjon på at vedkomande jordbrukseigedom ikkje lenger treng setra. Setra skal ikkje kunne bli ”halden i hevd” ved å dra nytte av andre med bruksrett.
Fjellstyret skal føre jamleg kontroll av om utviste setre er i bruk. Slik kontroll skal skje minst kvart 10. år, og Statskog SF skal ha ein dokumentasjon på at dette er gjort for oppdatering av seterregisteret.

Når seter fell i det fri

A. Den mest vanlige årsaken til at seter fell i det fri, er at setra ikke har vore i bruk de siste 20 årene. Seterbrukeren kan også si fra seg retten til setra. Allmenningsretten er uansett i behold og ny seter kan vises ut dersom det senere blir behov for seter.

Når seter fell i det fri etter punkt A, vil det normalt bli gjort vedtak om at setervoll må legges i det fri. Fjellstyret kan anbefale Statskog at seterbrukeren får avgiftsfritt feste på husa knyttet til gården. Festet blir knyttet til gården og kan ikke omsettes/selges som fritidsfeste. Fjellstyret kan også lyse stølen ledig for andre gardsbruk med behov for seter.

§ 13. Løyve til å la hus m.m. ståande, bortleige m.m. på seter som er fallen i det fri
Blir seter som er fallen i det fri ikkje vist ut til ein annan eigedom med bruksrett, kan Statskog SF gi seterbrukaren løyve i inntil 10 år av gangen til å ha hus eller anlegg ståande utan vederlag til bruk for seg og huslyden om fjellstyret samtykkjer. Denne retten skal høyre under eigedomen, og kan ikkje skiljast frå han ved overdraging av husa.
Kontrakt om bortleige eller annan liknande bruksrett er likestilt med overdraging om ikkje retten er stifta for kortare tid enn 10 år utan rett for brukaren til forlenging eller fornying av kontrakten.
§ 17 i denne forskrifta gjeld tilsvarande for løyve etter første ledd.
Fjellstyret gjer vedtak om at husa skal fjernast om verken utvising eller løyve er aktuelt. Før fjellstyret gjer vedtak om fjerning av hus skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

Departementet sine merknader til § 13
Føresegna om ei grense på 10 år i første ledd er ny, og vil gjelde for løyve som blir gitt etter ikraftsetjinga av endringane i forskrifta, sjå § 34. Om det ikkje er mangel på seter- og beiteområde i allmenningen, og løysinga ikkje vil vere til ulempe for bruksutøvinga, bør Statskog SF velje dette alternativet med løyve.
Også § 17 i forskrifta, om restriksjonar på endringar av bygg og krav om punktfeste, gjeld tilsvarande om seterbrukaren får løyve til å ha hus eller anlegg ståande utan vederlag.
Fjellstyret avgjer om hus eller anlegg skal fjernast eller ikkje. Når vedtaket er endeleg har Statskog SF ansvaret for oppfølginga, og avgjerd knytt til dette er ikkje enkeltvedtak og kan såleis ikkje bli klaga over.

B. Seter fell også i det fri om gården ikke lengre er å regne som en jordbrukseiendom (f.eks. ved bruksrasjonalisering). Allmenningsretten er da falt bort og det kan ikke vies ut seter seinere.

Når seter faller i det fri etter punkt B skal fjellstyre gjøre vedtak om at setra skal vises ut til eiendom i drift som treng seter. Den tidligere seterbrukeren sitt ønske om å få festekontrakt må derfor vike for den som treng seter.

§ 16. Bortfall av seterrett
Når seterretten fell bort fordi drifta på eigedomen er lagt ned og jorda teken i bruk til formål utanom jordbruk, eller fordi ein ikkje kan rekne eigedomen som ei jordbruksmessig eining eller jordbruk, jf. § 2 andre ledd i fjellova, skal fjellstyret gjere vedtak om

a. at setra skal visast ut til eigedom i drift som treng seter, jf. §§ 6 og 7, eller

b. at den tidlegare seterbrukaren må søkje Statskog SF om feste av tomt for seterhusa til fritidsformål, eller

c. at seterbrukaren fjernar husa om verken overføring eller oppretting av festekontrakt er aktuelt.

Blir setra vist ut til ein annan eigedom, skal fjellstyret gjere vedtak om at den førre seterbrukaren skal fjerne husa om ikkje han, innan ei viss tid, overdreg dei til den nye seterbrukaren. Før fjellstyret tek avgjerd om fjerning av hus etter første ledd bokstav c eller andre ledd, skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

Departementet sine merknader til § 16
Føresegna gir dei alternativa som ligg føre og prioriteringa mellom dei. Den tidlegare seterbrukaren sitt ønskje å få festekontrakt (bokstav b), må derfor vike for den som treng seter. Om alternativ c, fjerning av seterhus blir aktuelt, skal fjellstyret sjå til at krav om fjerning blir følgt opp.