Fjelloppsynet bidrar i kartlegging av CWD

Norsk institutt for naturforskning (NINA) har eit prosjekt med mål om mellom anna å påvisa prionane som er årsaka til skrantesjuke (CWD) på villrein i Nordfjella. Fjelloppsynet i Aurland er tungt inne for å gjera feltarbeidet i dette prosjektet. Resultata kan vera premissgivande for vegen vidare i den omfattande saka knytt til skrantesjuke og viltforvaltning i Noreg . Håpet er å kunna finna prionar  i jorda kring salteplassar for sau i fjellet, og å måla i kva for tempo dei vil degenererast. Salteplassane har vore populære også for villreinen, i tillegg til at dei vert besøkt av hjort og elg. Det er omfattande feltarbeid å oppsøka dei aktuelle salteplassane for å ta standardiserte jordprøvar. Fjellet er bratt og det er lange turar med tung sekk. Totalt er det om lag 30 lokaliteter som vert prøveteke, fordelt på 5 kommunar. Lokalkjennskap, både til områda og grunneigarane, er viktig for å gjennomføra eit slikt oppdrag.

Aron Freyr Gudmundsson, Fjelloppsyn i Aurland fjellstyre, under arbeid med prøvetaking på ein salteplass.

Aron Freyr Gudmundsson, Fjelloppsyn i Aurland fjellstyre, under arbeid med prøvetaking på ein salteplass.

TORGEIR LANDE