Oppdag mulighetene i Rauland

Rauland Fjellstyre forvaltar den minste Statsallmenningen på Hardangervidda. Her vert det lagt til rette for at ålmenta kan kome seg til fjells forå drive jakt, fiske og rekreasjon.

Rauland Fjellstyre har tre hytter som står opne for alle som fer i fjellet. Slik er du sikra eit tak over hovudet til ein kvar tid, men du kan ikkje rekne medå få disponere hytta åleine. Hyttene er alle bygd pådugnad av fjellglade bygdefolk og tilbodet vert stadig utvida. Seiste tilskot i så måte er nytt naust på Kostveitvatnet – bygd på dugnad det og!

Det er fleire svært gode fiskevatn i området, noko mange veit å setje pris på.

I området kan du og vere heldig å få sjå ein fjellrev då dette området er vald ut som utsettingsområde i det pågåande fjellrevprosjektet. Fjelloppsynet er jamt og trutt innom for å sjekke til foringsstasjonar for fjellrev, samt for å sjå til hytter og snakke med brukarar av allmenningen. Meir informasjon finn du på våre heimesider http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/

Jakt og fiskekort får du kjøpt påwww.inatur.no

Velkomen til fjells!!

TORGEIR LANDEComment