Fortshytta rehabilitert

Forsthytta i Randsverk (Vågå fjellstyre) har vore gjennom ei skikkeleg standardheving i løpet av våren. Det som før var kjøkken har nå vorte soverom, slik at hytta har to soverom. Ny kjøkeninnreiing (produsert i gamal og tilpassa stil av Lalm Håndverkssenter) har vorte sett inn i det største rommet slik at ein har ei løysing med felles kjøken/ opphaldsrom. Det er nye senger, med nye madrasser, golva er slipt og lakka, og veggane i soveromma har fått litt anna farge som står i stil med resten av hytta. Hytta leiger du på Inatur, se https://www.inatur.no/hytte/543f872de4b04bc09963c597/forsthytta-i-randsverk-vaga

TORGEIR LANDE