Rapport fra Hardangervidda Fjelloppsyn

Fjelloppsynet på Hardangervidda fortel om ein rekordtidleg sommar på vidda i år. Denne veka viste fjellet seg frå si beste side med strålande sol og behageleg temperatur. Hardangervidda fjelloppsyn (Sveinung Hylland Olsnes, Harald Nordmann Andersen og Steinar Lund) var på ein oppsynstur til Ullensvang statsallmenning.

Fjelloppsynet gjennomførte fiskeoppsyn, tilsyn med byggeprosjekt og tilsyn med hyttene til Ullensvang fjellstyre. I tillegg sette fjelloppsynet opp grunnmur til ny utedo på Hansbu. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Ullensvang fjellstyre og dei 18 andre hytteeigarane på Hansbu. Forskalingsblokk og mørtel blei frakta inn i vinter.

Ullensvang fjellstyre har fem hytter som kan leigast i sommar og haust. Hyttene kan bestillast frå heimesida. På Hansbu har fjellstyret ei trehytte (Ullsbu) og ei steinbu (Rogdabu).

Stongfiskekort, garnfiskekort og jaktkort småvilt kjøper du på Inatur.

TORGEIR LANDE