Nå kan du igjen jakte hos Ulvik fjellstyre

10321512_269224876582800_5047014991516264681_o.jpg

Ulvik fjellstyre opnar att for rypejakt i Ulvik statsallmenning.

Etter 5 år med freding av rypa på Ulvik Statsallmenning ser ein no at bestanden har teke seg opp att. Om det er fredinga som har gjort dette skal ikkje seiast, men det er i alle fall betydeleg meir rype å sjå i fjellet. Mesteparten av arealet i allmenningen ligg høgt, frå 1100 – 1800, og fjellrypa er dominerande. Takseringar gjort andre stadar på Hardangervidda tydar på oppgang, noko oppsynet og andre brukarar av fjellet og ser.

Det vert fritt kortsal som før, men at ein regulerer jakta ved å sette kvoter for uttak. Jakta startar 15. september, og siste jaktdag vert 23. desember. Jakt med hund er ikkje tillatt!.

Dagskvoter er 2 ryper, vekekvote 5 ryper og sesongkvote er på 8 ryper  

For å koma seg inn i jaktterrenget kan ein kjøre bil frå Osa på ein anleggsveg som vart bygd tidleg på 70-talet i samband med kraftutbygginga eller ta Bergensbana til Finse eller Hallingskeid.

10985323_413809188791034_6571823554022457294_n.jpg

Ulvik fjellstyre har fleire hytter og steinbuer i som er mogleg å leige i samband med jakt og fiske i Statsallmenninga.

For info om hyttene sjå heimesida til Ulvik fjellstyre:

www.hardangervidda-fjellstyra.no

Småviltkort:

https://www.inatur.no/jakt/50d2fd85e4b0ffc69bf2dc50/smaviltjakt-i-ulvik-statsallmenning

Stongfiskekort:

https://www.inatur.no/fiske/50d301f4e4b0ffc69bf2dc63/stongfiske-i-ulvik-statsallmenning

TORGEIR LANDEComment